![]() |
6.3 Forsikringar
Forbundet sine forsikringar gjeld i hovudsak medlemmer i Norges KFUK-KFUM-speidarar.
Det er likevel forsikra for eit høgare antal enn kva som er gjeldande medlemstal. Dette for at enkelte deltakarar på lokale, regionale og sentrale arrangement også skal vera dekka av forsikringane under arrangementa.
Forbundet har ei ansvarsforsikring og ei kollektiv ulykkesforsikring.
I utgangspunktet er alle speidaraktivitetar dekka igjennom desse, men merk at ved klatring må alle krav til sikring vere oppfylt. For aktivitetar definert til risikoaktivitetar, døme er rafting og paintball, må det teiknast eigne forsikringar i regi av gruppa/krets.
Ved skade sørgjer ein først og fremst for å behandle skaden. Deretter skal det samlast inn opplysningar om skaden, så detaljert som mogleg. Skademeldingsskjema kan de laste ned frå nettsiden til forbundet. Skademelding og legeattest skal sendast direkte til forbundets forsikringsselskap.
Les meir om forbundet sine forsikringar her.





