RR-kongress 2006

10.-12. februar var over 120 RR-ar samla på Holmen i Asker. Tida var komen som me alle hadde venta på i eit heilt år – RR-kongress 2006.

Fredag kveld var alle deltakarane frå nord til sør samla for å lære seg å lage koselydar. Etter ein kort introduksjon til vitenskapen om koselydar, fekk me testa vår evne til å produsere koselydar. Mmmm…

Etter ein forfriskande (og litt kald) dusj laurdag morgon starta forhandlingane. Lyspunktet var årets innsamlingsaksjon. Den superkreative RR-nemnda hadde funne på ein supersmart måte å få RR-ar til å betale inn mest mogeleg pengar til årets Globalaksjon. Dei auksjonerte bort seg sjølv! I amerikansk auksjonsstil kunne deltakarane by på ein date til festmiddagen. Kven vil vel ikkje bli tatt med på middag av ein gris, kjemikar eller ein staut bonde frå Oppland? Til saman kom det inn 1580 kr!

Festmiddagen var i Holmen kirke, og begynte, tradisjonen tru, med polonese. Etter ei runde ut på plassen fann me fram til lokalet for festmiddagen. Festmiddagen var svært stilfull, med dyktige servitørar som henta alt det rare med bad om.

Søndag var det tid for val. Etter fleire heftige valomgangar var ny nemnd, kongressarrangør og arrangør av RR-sommarleir på plass.


Tekst: Anne Valen og Lilian Sola Strand
Foto: Bjarne Lohmann Madsen

15.03.06