![]() |
Supre speiderprogram.no
Det er ikkje alltid like lett å vere patruljeførar. I tillegg til skule, lekser, vener og speidarturar skal du planlegge speidarmøter for patruljen. Til alt hell finns det ein reiskap som hjelper deg langt på veg, nemleg speiderprogram.no.
Me gir deg ei innføring i kva dei ulike menyane tyder og korleis du brukar sida. Hugs likevel på at du lærer best ved å klikke deg inn på sida og prøve deg fram sjølv. På den måten lærer du fort korleis sida er bygd opp og korleis den fungerer.
Alt du treng
Speiderprogram.no er ei nettside som vart lansert då det nye programmet var klart i fjor. På sida finn du alt du treng av informasjon om det
nye programmet for oppdagarar, stifinnarar, vandrarar og roverar. I tillegg finn du ei oversikt over komande arrangement i
forbundet.
Aktivitetar og emne
For deg som patruljeførar er den viktigaste fanen den som heiter vandrar. Trykker du på den blir den blå, nett slik som skjerffargen.
Her får du sjå ei liste over alle merka du og patruljen din kan ta. Trykker du deg vidare på eit av merka får du opp ei ny
liste over emne og aktivitetar knytt til dei ulike merka. Patruljen har tatt eit merke når de har gjennomført minst ein av
aktivitetane under kvart obligatorisk emne, og minst ein av aktivitetane under dei valfrie emna.
Merker
Under patruljemerka i menyen finn du spesialistmerka. Desse kan du gjennomføre på eiga hand utanom speidarmøta. Førarpatruljemerka
tar du saman med dei andre patruljeførarane. Kvart førarpatruljemerke heng saman med to patruljemerke der mange av aktivitetane
er dei same. Merka kan likevel gjennomførast uavhengig av patruljemerka. Kva førarpatruljemerke som høyrer til patruljemerka,
står i innleiinga til dei ulike førarpatruljemerka på speiderprogam.no.
Lær meir og prøv deg fram på speiderprogram.no
Tekst: Ragnhild Erevik Lea

