|
Leirsang: Sammen står vi sterkere |
Frå alter til action
Iselin og Håvard Tveit gifta seg i Skjold kyrkje på laurdag. Men ekte speidarar let ikkje slikt gå ut over landsleirdeltakinga. Dei to nygifte la like godt bryllaupsreisa til Lista og Grønn Action!
Iselin er leiar i Skjold KFUK-KFUM-speidarar, Håvard i Vikebygd KFUK-KFUM-speidarar. Laurdag vart dei mann og kone heime på Haugalandet. Sundagen brukte dei på å slappe av etter den store dagen, men allereie i dag reiste dei altså ut på bryllaupsreise - til landsleiren på Lista.
Speidarane frå dei to gruppene prisa kjærleiken og stilte opp med flagg og heimelaga skilt då brudeparet kom til leiren måndag ettermiddag. Det siste stykket vart dei dregne i ei tralle som speidarane deira hadde pynta vakkert med flagg og bjørkeris. For ikkje å gløyme ein viktig tradisjon: Brusboksar skramlande i tråd bak. Faktisk fleire meter med colaboksar som speidarane hadde drukke i løpet av leiren. Truleg hadde dei enda meir cola på lager, for borte i leiren venta kakefest.
No er kampen om Iselin og Håvard i full gang: For kven får behalda dei som leiarar? Både Vikebygd og Skjold har tinga på dei, for desse to er tydelegvis to eksemplariske leiareksemplar!
![]() |
![]() |
![]() |
Tekst: Steinar Fagerli og Helene Moe Slinning
Foto: Steinar Fagerli





