Om oss

Stord KFUK-KFUM-speidarar er ei speidargruppe i Haugaland krets.

Me held til på Leirvik skule, i vaktmeisterbustaden . Der har me eit samlingsrom, to grupperom, toalett og kjøkken. I tilleg har me tilgang til sløyden.

Me har møter kvar torsdag, kl. 1800-1930 (dersom ikkje anna er avtalt). I tilleg til dei vanlege møta, dreg me ofte på korte eller lengre turar. 

Stord KFUK-KFUM er delt opp i 3 ulike patruljar, altså mindre grupper som fungerer som eit slags "team." Dei er:

  • Tjeld
  • Ørn
  • Røyskatt

Kvar patrulje har ein patruljeførar og ein assistent.

I tillegg til Leirvik skule, har me også ein liten leirplass i Landåsen der me ofte er når det nermar seg sumar.

Annakvart år er det leir, anten på krets- eller landsnivå (det er fire år mellom kvar landsleir, og fire år mellom kvar kretsleir). I 2006 var me på landsleir på Røros, noko som var veldig kjekt. Bilete derifrå finn du i biletalbumet vårt. I 2008 var det kretsleir att, denne gongen på Fitjar!

Leiarar:

Anita Skjæveland - Gruppeleiar. Tlf.: 41648973

Kjetil Eldøy - Troppsleiar. Tlf.: 48990928

Roverar: Kjell Harald, Per, Martin, Olav og Tommy (+ Kjetil).

22.09.06