Om oss

Varden KFUK-KFUM speiderne held til i ungdomssenteret i Varden kykje, Stavanger

Varden KFUK- KFUM speiderne held til i ungdomssenteret i Varden kyrkje. Vi har møte kvar torsdag frå kl 17.30 til 19.00.

Oppdager2. og 3. klasse

Stifinner4. og 5. klasse

Vandrer6. - 9. klasse

Rover10. klasse og oppover

 

Oppdagarne er felles for gutar og jenter. Frå stifinneralder delast desse i reine jente-  og gutepatruljer. 

Patrulja er den minste og kanskje viktigaste eininga i ei speidergruppe. Patrulja skal vere ein gjeng gode vener. Når speidarane kjem opp i 13-14 års alder - får ein som regel ansvar for ei eiga patrulje. ( Gjerne 2 patruljeførarar pr patrulje) Dette er grunnpilaren til speiderrørsla, der ein tidleg skal få lære seg å ta ansvar og få ansvar. Speiderarbeidet sin grunnleggar, Lord Robert Baden-Powell, såg patrulja som grunnfjellet i bevegelsen han skapte. I ei patrulje skal dei eldre speidarne lære dei yngre. Dette er nøkkelen til leiartrening i speiderarbeidet.

 

Varden KFUK-KFUM speiderne spring ut frå to grupper, Stavanger 7. KFUK og Varden KFUM. Jentene starta fyrst, i november 1978, men i 2004 slo vi oss offisielt saman med gutane. Dei siste åra har medlemstalet ligge på omlag 70, unge og vaksne. 

For meir informasjon trykk på "kontakt oss "linken i margen til venstre.  

22.09.06