![]() |
Fire på ein dag
Fire på ein dag er ein tur som går over fire nutar i Vats på ein dag. Turen tek omlag seks timar, men det er innlagt matpause med kaffi og vafler, og sal av rømmegraut på Sletthaug
|
|
Søndag i veke 36 (Friluftslivets veke)
Turen går innom fire mål: Friarane, Brennesteg, Vardafjellet og Aksla.
Du kan starta i Blikrabygda eller Gjerdesdalen. Frå gamalt av var der ein ferdselsveg mellom desse to bygdelaga. Den blir merka frå begge sider.
På høgdedraget midtvegs ligg det nokre stor steinblokker som heiter Friarane.
Det blir fortalt at ein unggut frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia rett som det var. Han hadde alltid kvit hua på seg. Folk meinte at dei traff kvarandre på halvvegen, altså ved desse steinane. Derfor fekk dei namnet Friarane. Desse to vart gifte og busette seg i Gjerdesdalen.
Friarane er og skiftestein mellom tre gardar, Eikje, Bakkevoll og Vestvoll.
Her vil det verta utdeling av forfriskningar og litt å bita i for dei som blir med på marsjen.
Frå Friarane går stien over høgdedraget mot Brennesteg.
Frå Brennesteg kan du, om du er sliten, gå ned til Blikra og avslutta turen. Men har du mot på meir er det berre å leggja i veg mot Stemvatnet, og så opp til Vardafjellet. Vidare går ferda mot toppen på Aksla som er høgaste punktet på marsjen. Frå Aksla må du gå eit lite stykke tilbake same vegen, og så ned skaret og nord til hytta på Sletthaug. (Haslemo si hytte)
Dette blir dagens høgdepunkt, for her blir det sal av rømmegraut og kaffi . Ta med tallerken, skei og kopp.
Frå Sletthaug er det traktorveg ned til Aurdal.
Heile turen tek om lag 5 – 6 timar. Men du kan bryta av og gå deler av turen, eller du kan gå opp i Aurdal for å nyta rømmegrauten med godt samvit.
Målet med marsjen er ikkje å setja fartsrekord, men at så mange som mogeleg blir med og opplever naturen, får seg ein god drøs med kjende og ukjende, og litt trim. Der er ingen startkontingent. På store deler av turen er det flott utsikt over bygda. Turen er for alle.
Marsjen blir og annonsert som ein del av Friluftsrådet si Friluftslivsveke, og det er 4H og speidarane som arrangerer turen.
Elles vil me oppmoda alle om å skriva seg i bøkene som ligg på nutane.
Starten blir ”etter fjostid” eller frå kl. 9.30 og utover.
Dei som vil ha vegvisar og følgje på turen kan møta hos Helge Rødde eller Arve Mjølhus
kl 9.30. Matsalet på Sletthaug startar 13.00
Me får prøva å samarbeida om å henta bilane når me kjem ned i Aurdal.
Vel møtt og god tur


