![]() |
Nutafanten
Speidarane har lagt ut bøker på i alt ti nutar i Vats. Kvar gong du er der kan du skriva deg i boka. Det er premiering kvar haust. Då kårar me årets Nutafant.

Fjelltoppane er:
Krakkanuten.
454 m. o. h. Kartref. 1214 III – 123046. Opp frå Knapphus er kortast, men brattast. Traktorvegen frå Alvseike er litt lengre, men lettare å gå.
Friarane
Friarane ligg på høgdedraget bellom Gjerdesdalen og Blikrabygda. Det ligg nokre store steinblokker der, og det blir fortalt at unge gutar og jenter møttest der. Derfor namnet Friarane. Det er merka sti opp frå Blikrabygda, og frå andre sida er det traktorveg heilt opp. Det er ein fin start på turen vidare til Brennesteg, Vardafjellet og Aksla.
Steinslandsnuten
514 m. o. h. Kartref. 1214 III – 176083. Få naboen til å køyra deg til Steinsland i Sandeid. Fylg traktorvegen opp lia. På høgaste punktet på vegen er det ein kort avstikkar opp på nuten. Vegen går vidare ned Aurdalsdalen.
””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””
Dei neste tre toppane høver det å besøkja på same turen. Ein kan gå opp frå Aurdal, men lettaste vegen er opp traktorvegen frå Blikra.
Aksla
693 m. o. h. Kartref III – 1214 III - 161063
Vardafjellet
661 m. o. h. Kartref. 1214 III - 160053
Brennesteg
520 m. o. h. Kartref. 1214 III – 163036.
””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””””
Hovda
531 m. o. h. Kartref. 1214 III – 158013. To vegar kan ein tilrå: Opp traktorvegen til Arild Urdal, eller vegen opp fra Gjerde i Gjerdesdalen, forbi Gjerdesstølen.
Bjergafjellet (Fuglen)
537 m. o. h. Kartref. 1214 III - 119009. Vegen til Endre Stople opp Haukadalen er lettast og kortast.
Kjort
606 m. o. h. Kartref. 1213 IV - 175984. Nuten ligg mellom Gjerdesdalen og Stokkadalen. Lettaste er det å fylgja traktorvegen til Gerald Eikeland.
Tordisnuten
444 m. o. h. Kartref. 1213 IV - 175657. Dette er toppen rett over Stokkafeltet, og det går sti opp frå sørsida av Kvamstjødna. Men
ein kan og starta ved skulen på Stokkadalen og fylgja traktorvegen sørover.


