![]() |
6.6 Frivillighetsregisteret
Frivillighetsregisteret er samordna med Einingsregisteret, som speidergrupper har måtte forholde seg til fram til år 2009 for å få tildelt organisasjonsnummer. I prinsippet er det dei same registra, men sjølve registreringsprosessen skal vere enklare i Frivillighetsregisteret. Vidare kostar det eit årleg gebyr å vere i Frivillighetsregisteret (omkring 135,-), men registrering her er ein føresetnad for å kunne ta del i Grasrotandelen - som også kan vere svært inntektsbringande for speidargruppa, samt for å kunne søkje om kompensasjon for meirverdiavgift.
Frivillighetsregisteret skal betre og forenkle samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. Foreninger, stiftelsar og aksjeselskap som driv frivillig verksemd kan registrerast i dette. Ingen organisasjoner har plikt til å registrere seg i Frivillighetsregisteret, men alle organisasjoner som fyller vilkåra har rett til å la seg registrere. Forbundet anbefaler at gruppa registrerer seg i Frivillighetsregisteret.
Les meir om korleis registrere speidargruppa i Frivillighetsregisteret her.





