![]() |
6.5 Andre støtteordningar
Grasrotandelen
Speidarkrinsar som er registrert i Frivillighetsregistreret kan få pengar fra Norsk Tipping sitt overskot. Dette igjennom at Norsk Tipping spelarar kan gje 5% av innsatsen direkte til ein speidarkrins eller gruppe. Les meir om dette her.
Momskompensasjon
I 2010 lanserte kulturdepartementet nye reglar for refusjon av meirverdiavgift. Fram til dette omfatta ordninga kun refusjon for mva på tenester, dvs porto, rekneskapsføring, revisjon og andre konsulenthonorar. Det nye er nå at all mva er inkludert i ordninga. Krinsar kan likevel ikkje forvente å få krone for krone refundert, då ein søkjer til ein fastsett pott samen med resten av det frivillige Noreg, og det blir bruka ein forenkla modell som reknar ut refusjonen.
Søknadsfrist er 1.juni. Søknad skal sendast til KM-speidarane sitt forbundskontor.
Hugs at eit rekneskap skal oppbevarast i 10 år – i denne ordninga kan søkjargrunnlaget til krinsane bli plukka ut til kontroll.
Frå 2011 må gruppa vere ein del av Frivillighetsregisteret for å kunne ta del i ordninga. Les meir om ordninga her.
Diverse støtteordningar
- Norsk kristelig studieråd
- Menighetsråd
- Extra-midlar
- Sparebankstiftelsen
- Stormbergstipendet
- Gjensidigestiftelsen
- Aktiv ungdom
- Fokus Engasjement
- Kommunar
- Fylkeskommunane
- Legathåndboken
- Ullmax
Les meir om desse eksterne støtteordningane her.




