6.6 Frivillighetsregisteret

Frivillighetsregisteret er samordna med Einingsregisteret, som speidergrupper og krinsar har måtte forholde seg til fram til år 2009 for å få tildelt organisasjonsnummer. I prinsippet er det dei same registra, men sjølve registreringsprosessen skal vere enklare i Frivillighetsregisteret. Vidare kostar det eit årleg gebyr å vere i Frivillighetsregisteret (kring 135,-), men registrering her er ein føresetnad for å kunne ta del i Grasrotandelen - som også kan vere svært inntektsbringande for krinsen, samt for å kunne søkje om kompensasjon for meirverdiavgift.

Frivillighetsregisteret skal betre og forenkle samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. Foreninger, stiftelsar og aksjeselskap som driv frivillig verksemd kan registrerast i dette. Ingen organisasjoner har plikt til å registrere seg i Frivillighetsregisteret, men alle organisasjoner som fyller vilkåra har rett til å la seg registrere. Forbundet anbefalar sine krinser å registrere seg i Frivillighetsregisteret.

Les meir om korleis registrere speidarkrinsen i Frivillighetsregisteret her.

Gå videre til 7. Utstyr og eiendom

30.06.11