Leir på Refsnes 17.-19.juni

I samband med Speidargudstenesta, vil me arrangere ein minileir på Refsnes saman med Vikebygd og Skjold. Leiren vert avslutta med utegudsteneste kl. 11.00 søndagen (for alle), og med grilling og aktivitetar etterpå. Håpar at du har anledning til å vere med. Er det foreldre som vil vere med på leiren, er det berre kjekt.

29.03.11
.

Speidarprogram for vandrarar våren 2011

Her er programmet for Vandrarane (dei store speidarane), og me håpar at nett du ønskjer å bli med i speidaren. I speidaren er me mykje ute og me har som regel overnattingstur i lavo/hytte haust og vår. I vinter skal me overnatte ute i lavo. Dette håpar me vert spennande og kjekt. Elles skal me ha basar, kanotur, fellesmøter med Vikebygd og Skjold m.m. Me ønskjer at flest mogleg møter med skjorte og skjerf på møta våre.

29.03.11
.